Om oss
VLT skal vere tryggingsnettet rundt Valdres-bonden – i kvardagen, ved sjukdom og når det verkeleg hastar.
I landbruket må jobben gjerast kvar dag
I landbruket må jobben gjerast kvar dag – også når bonden treng ferie, blir sjuk eller noko uventa skjer. Då er Valdres Landbrukstjenester SA (VLT) her for å hjelpe. Mø ønskjer å skape tryggleik for bonden, familien og dyra, og vere ein støttespelar når det er behov for oss.
Mø skaffar ferie- og fritidsavløysarar, sjukdomsavløysarar og kvalifiserte beredskapsavløysarar som kan stille opp på kort varsel når situasjonen krev det. Samtidig tek mø hand om arbeidsgjevaransvaret, med løn, avgifter, kontraktar, forsikringar og oppfølging av dei tilsette. Slik kan både bonden og avløysaren kjenne seg trygge og godt tekne vare på.
Noko av det viktigaste mø gjer, er å vere til stades når livet ikkje går etter planen. Kvar dag arbeider mø for å ha eit godt beredskapsapparat og dyktige, omsorgsfulle folk klare dersom ein bonde blir sjuk eller hamnar i ein akutt situasjon. For oss handlar det om å stille opp når det verkeleg gjeld.
Avløysing er meir enn å skaffe arbeidskraft. Det handlar om menneske, tillit og nærleik. Mø kjenner Valdres-landbruket, lyttar til behova på den enkelte garden og arbeider for at fjøset blir drive og dyra får godt stell. Samtidig skal avløysarane våre møte ryddige arbeidsforhold, god oppfølging og eit trygt arbeidsmiljø.
Mø ønskjer å vere nær både bonden og avløysaren, og finne gode løysingar saman. Hos oss skal det vere enkelt å ta kontakt, anten du treng hjelp, har spørsmål eller berre ønskjer ein prat om kva mø kan bidra med.
VLT skal vere ein nær og trygg samarbeidspartnar for bonden og avløysaren – i kvardagen, ved sjukdom og når det verkeleg hastar.

Meir enn stell av dyr
På ein gard er det alltid noko som må gjerast, og somme gonger er det godt å få ei ekstra hand. Valdres Landbrukstjenester tilbyr meir enn stell av dyr. Mø kjenner landbruket i Valdres og har dyktige folk som gjerne hjelper til, anten behovet er lite eller stort, kortvarig eller over tid.
Mø kan mellom anna hjelpe til med:
- klipping av storfe
- vask av fjøs og driftsbygningar
- jordarbeid
- vedarbeid
- gjerdearbeid
- andre praktiske oppgåver på garden
Mø samarbeider også med erfarne fagfolk innan klauvskjering, saueklypping og onnearbeid. Har du behov for ei av desse tenestene, hjelper mø deg med å finne rett person til oppdraget.
Mø hjelper bønder med å finne budeier til stølssesongen. Arbeidet tek til allereie i mars. Då kartlegg mø behova på stølane og byrjar å finne personar med rett erfaring og kompetanse. Bønder som treng budeie, bør derfor ta kontakt så tidleg som mogleg.
Dette er berre nokre døme på kva mø kan bidra med. Kvar gard og kvar situasjon er unik, og mø tek oss tid til å lytte til kva nettopp du treng. Sjølv om oppgåva ikkje står i lista, gjer mø vårt beste for å finne ei god og praktisk løysing saman med deg. For oss handlar det om å vere nær, tilgjengeleg og til å stole på. Mø ønskjer å gjere kvardagen litt enklare for bonden og vere ein trygg samarbeidspartnar når behovet for kvalifisert hjelp oppstår.
Du er alltid velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Fortel oss kva du treng hjelp til, så ser mø saman på korleis mø best kan bistå deg.
Mø utviklar stadig tenestene etter behova i landbruket. No arbeider mø med å få på plass ein godkjend sertifisør som kan kontrollere og sertifisere silotaljar. Frå 2027 planlegg mø også eit praktisk kurs for budeier og budør, med vekt på utfordringar som kan oppstå når buskapen blir flytta til stølen. Når tilboda er klare, publiserer mø meir informasjon om kvart av dei som eigne nyheiter på heimesida.

Frå gardane
Trivelig og være sammen i fjøset.1 av 37
Tilsette
Sissel Skarsbø DokkenDagleg leiar / HMS-ansvarlegRing 900 64 316[email protected]Veronika RingliAvløysar og verneombodRing 954 65 121[email protected]
Styret
Geir Arne DokkenStyreleiarRing 906 24 087[email protected]
Albert AsbjørnsenStyremedlemRing 480 05 960[email protected]
Merete MoeStyremedlemRing 992 52 484[email protected]
Martin SkrautvolStyremedlemRing 958 25 735[email protected]Gina EllevogRepresentant for dei tilsetteRing 908 75 059[email protected]
AMU – arbeidsmiljøutval
Gina EllevogRepresentant for dei tilsetteRing 908 75 059[email protected]
Sissel Skarsbø DokkenDagleg leiar / HMS-ansvarlegRing 900 64 316[email protected]
Tom JensenBeredskapsavløysarRing 902 99 289[email protected]Veronika RingliAvløysar og verneombodRing 954 65 121[email protected]