
Rakfisklag for Valdresbonden
Rakfisk lag på Solhaug 20 november

Når bonden treng hjelp, strekkjer mø uss langt for å finne gode løysingar. Mø ordnar avløysar og tek hand om alt det administrative. Når bøndene brukar laget sitt i kvardagen, er dei også med på å byggje beredskapen som skal vere der når noko akutt skjer. Saman dreg mø lasset – på vanlege dagar og når det verkeleg gjeld.
Vakt 24/7
Foto: Valdres Landbrukstjenester, Per Arne Magnussen, Per arne Magnussen. Værdata frå MET Norway
Er du uroa for deg sjølv eller ein bonde du kjenner? Ta kontakt – du treng ikkje vite kva som er feil. VLT er førstelinje i Bondens nettverk i desse kommunane:
På ein gard er det alltid noko som må gjerast, og somme gonger er det godt å få ei ekstra hand. Valdres Landbrukstjenester tilbyr meir enn stell av dyr. Mø kjenner landbruket i Valdres og har dyktige folk som gjerne hjelper til, anten behovet er lite eller stort, kortvarig eller over tid.
Mø kan mellom anna hjelpe til med:
Mø samarbeider også med erfarne fagfolk innan klauvskjering, saueklypping og onnearbeid. Har du behov for ei av desse tenestene, hjelper mø deg med å finne rett person til oppdraget.
Mø hjelper bønder med å finne budeier til stølssesongen. Arbeidet tek til allereie i mars. Då kartlegg mø behova på stølane og byrjar å finne personar med rett erfaring og kompetanse. Bønder som treng budeie, bør derfor ta kontakt så tidleg som mogleg.
Dette er berre nokre døme på kva mø kan bidra med. Kvar gard og kvar situasjon er unik, og mø tek oss tid til å lytte til kva nettopp du treng. Sjølv om oppgåva ikkje står i lista, gjer mø vårt beste for å finne ei god og praktisk løysing saman med deg. For oss handlar det om å vere nær, tilgjengeleg og til å stole på. Mø ønskjer å gjere kvardagen litt enklare for bonden og vere ein trygg samarbeidspartnar når behovet for kvalifisert hjelp oppstår.
Du er alltid velkomen til å ta kontakt for ein uforpliktande prat. Fortel oss kva du treng hjelp til, så ser mø saman på korleis mø best kan bistå deg.
Mø utviklar stadig tenestene etter behova i landbruket. No arbeider mø med å få på plass ein godkjend sertifisør som kan kontrollere og sertifisere silotaljar. Frå 2027 planlegg mø også eit praktisk kurs for budeier og budører, med vekt på utfordringar som kan oppstå når buskapen blir flytta til stølen. Når tilboda er klare, publiserer mø meir informasjon om kvart av dei som eigne nyheiter på heimesida.


Rakfisk lag på Solhaug 20 november
Har du ide for garden eller ein søknad på gang? Landbrukskontora i Valdres gir deg råd og hjelper deg med søknaden til Innovasjon Norge på Fagernes 17 november. Påmelding til lokale landbrukskontor innen 16 november.
Informasjon om ny tariffavtale og etterbetaling Valdres Landbrukstenester (VLT) vil informere om at den nye tariffavtalen no er på plass. Avtalen inneber auka minstelønnssatsar og eit framforhandla tillegg for dei tilsette.
Mø i Valdres Landbrukstjenester har fornya oss! Målet med den nye heimesida er å gjere kvardagen enklare for deg, anten du er gardbrukar eller avløysar. Her har mø samla alt du treng av skjema, HMS-rutinar og velferdsordningar på ein og same stad. Sida er heilt mobilvenleg, slik at du har full oversikt anten du sit framfor PC-en på kontoret eller står midt i fjøset med mobilen i handa.
Trykk på eit nummer. Du får spørsmål før det ringjer.