Hopp til innhaldet
ValdresLandbrukstjenester SA
Norsk
Ring oss900 64 316
Meny

Dette treng du å vite

For deg som driv gard og treng avløysar eller anna hjelp på garden.

Bonde – dette treng du å vite

Som bonde skal du vite at du ikkje står åleine når du treng avløysar eller anna hjelp på garden. Valdres Landbrukstjenester SA hjelper deg med å finne ei løysing som er tilpassa behovet ditt, anten det gjeld ferie og fritid, sjukdom, permisjon eller andre situasjonar.

Mø er opptekne av ryddige arbeidsforhold og har HMS i fokus gjennom heile prosessen, både for deg som bonde og for avløysaren. VLT strekkjer seg langt for å hjelpe deg med det du treng, og følgjer deg frå første kontakt til ei trygg og praktisk løysing er på plass.

Behova varierer frå gard til gard. Difor tek mø oss tid til å avklare situasjonen saman med deg, og hjelper til med arbeidskraft, nødvendige avtalar og praktiske spørsmål.

Mø kan mellom anna hjelpe deg med:

  • å finne og formidle ein avløysar som passar til behova på garden
  • søknader, skjema og nødvendig dokumentasjon knytt til velferdsordningane, inkludert søknader til NAV ved sjukdom
  • arbeidsavtalar, løn, forsikring og personaloppfølging
  • HMS, opplæring og gode rutinar på arbeidsplassen
  • praktiske spørsmål før, under og etter oppdraget

Ta kontakt og fortel oss kva du treng hjelp til. Saman finn mø ei løysing og avklarer korleis VLT best kan hjelpe deg.

John Deere og rundballar i solnedgang i Øystre Slidre
John Deere og rundballar i solnedgang i Øystre Slidre

Skjema du treng

Ofte stilte spørsmål

Korleis bestiller eg avløysar?

Ring oss eller fyll ut skjemaet «Bestill avløysar». Ved akutt sjukdom ber mø deg alltid ringje, slik at mø kan hjelpe deg så raskt som mogleg.