Tilsett eller ny avløysar
For deg som jobbar som avløysar – eller har lyst til å byrje.
Tilsett – eller er du ny?
Som avløysar har du ei viktig rolle i norsk landbruk. Anten du allereie er tilsett eller vurderer å byrje som avløysar, skal du oppleve eit trygt, ryddig og godt arbeidsforhold.
Valdres Landbrukstjenester SA følgjer deg opp gjennom heile arbeidsforholdet. Mø hjelper deg med nødvendig informasjon, avtalar og praktiske spørsmål, og samarbeider med bonden for å sikre gode rutinar på arbeidsplassen.
Mø hjelper deg mellom anna med:
- arbeidsavtale, løn og arbeidstid
- HMS, tryggleik og gode rutinar på garden
- nødvendig opplæring i arbeidsoppgåver og bruk av utstyr
- forsikring og andre forhold knytte til arbeidsforholdet
- registrering av timar og praktisk oppfølging
- råd og hjelp dersom det oppstår spørsmål eller utfordringar
God kommunikasjon mellom avløysaren, bonden og VLT er viktig. Er du usikker på noko, eller treng du hjelp, ønskjer mø at du tek kontakt så tidleg som mogleg. Saman finn mø ei løysing.
Er du interessert i å jobbe som avløysar? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat om moglegheitene.

Skjema du treng
Ofte stilte spørsmål
Må eg ha erfaring for å bli avløysar?
Du treng ikkje nødvendigvis lang erfaring. Mø ser etter pålitelege og motiverte personar som trivst med dyr og praktisk arbeid. Ta kontakt, så finn mø saman ut om dette kan passe for deg, og kva opplæring du eventuelt treng.