Hopp til innhaldet
ValdresLandbrukstjenester SA
Norsk
Ring oss900 64 316
Meny

Velkommen til vår nye nettside!

Mø i Valdres Landbrukstjenester har fornya oss! Målet med den nye heimesida er å gjere kvardagen enklare for deg, anten du er gardbrukar eller avløysar. Her har mø samla alt du treng av skjema, HMS-rutinar og velferdsordningar på ein og same stad. Sida er heilt mobilvenleg, slik at du har full oversikt anten du sit framfor PC-en på kontoret eller står midt i fjøset med mobilen i handa.

Velkommen til vår nye nettside!

Formålet med den nye heimesida er at det skal vere enkelt og kjapt å finne fram i ein travel kvardag. VLT har laga ei komplett dokumentmappe som no ligg lett tilgjengeleg her inne.

Mø har laga sidene for at dei skal vere enkle å bruke. Knappane er store, teksten er tydeleg, og telefonnummeret vårt står alltid øvst. Er du i tvil om noko, er det berre å trykke «Ring oss».

Mø har laga ein heilt eigen kjøp- og sal-bolk. Dette blir ein lokal marknadsplass for landbruket i Valdres, der det skal vere kort veg mellom kjøpar og seljar – anten du har for til overs, livdyr eller vil selje utstyr.

Under «Avtalar og skjema» ligg skjema og dokument samla. Der finn du også «Bli medlem», for deg som driv gard og vil ha avløysar gjennom oss. Nokre dokument er berre for medlemer og ligg bak ein kode. Koden får du ved å ta kontakt med oss.

Avløysarane våre kjem frå fleire land. Difor kan sidene lesast på norsk, engelsk, polsk, ukrainsk, litauisk, tysk og nederlandsk. Du byter språk med flagget øvst på sida.

Sidene er nye, og mø held fram med å fylle på med innhald. Saknar du noko, eller finn du noko som ikkje stemmer? Ring oss eller send ein e-post – mø set pris på alle innspel.

DelSend på e-post