Hopp til innhaldet
ValdresLandbrukstjenester SA
Norsk
Ring oss900 64 316
Meny
Alle ledige stillingar

Ringavløysar

Avløysar søkjast til 80–100 % fast stilling – ringavløysar med fire mjølkebruk. Bli ein del av eit viktig fagmiljø i Valdres-landbruket.

Omfang
80 - 100%
Stad
Valdres Nord-Aurdal kommune
Søknadsfrist
30. november 2026
Dagleg leiar i VLT saman med budeier på stølen i Øystre Slidre

Avløysar søkjast til 80–100 % fast stilling

Bli ein del av eit viktig fagmiljø i Valdres-landbruket.

På grunn av auka arbeidsmengd og nye oppdrag søkjer Valdres Landbrukstjenester ein dyktig og påliteleg avløysar til ein avløysarring med fire mjølkeproduksjonsbruk. Stillinga er del av ein fast turnus og har oppstart etter avtale.

Om stillinga

Som avløysar får du ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag på fire mjølkeproduksjonsbruk. Du bidreg til trygg og god drift og utfører dei løpande oppgåvene som høyrer til mjølkeproduksjonen. Arbeidet blir organisert gjennom ein fast turnus.

Mø ser etter deg som

  • har erfaring frå mjølkeproduksjon
  • forstår og gjer deg forstått på norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • har førarkort for bil og traktor, og disponerer eigen bil
  • arbeider sjølvstendig, tek ansvar og er løysingsorientert

Mø tilbyr

  • fast stilling i 80–100 %
  • konkurransedyktig løn
  • gode forsikringsordningar
  • kurs og moglegheiter for fagleg vidareutvikling
  • eit triveleg arbeidsmiljø og ein variert arbeidskvardag

Interessert?

Vil du vite meir om stillinga? Ta kontakt med dagleg leiar på 900 64 316.

Send søknaden til [email protected]. Mø ser fram til å høyre frå deg!

Send søknad på e-post

Kontaktperson: Sissel Skarsbø

Ring 900 64 316
DelSend på e-post